Eit år med påfyll
Konfirmasjon i KF Bømlo
Kva er det og kven er det for?
Alle som ønskjer kan søkja om å vera konfirmant i Kristent fellesskap Bømlo. Det er ikkje krav til medlemsskap eller at ein må vera døypt.
Konfirmasjonen i KF Bømlo er eit år med trusopplæring og bevisstgjering for eiga tru.
Konfirmasjonen i KF Bømlo er ikkje knytt opp mot å la seg døypa.
Undervisningsmateriell er tilpassa aldersgruppa og tar opp aktuelle tema.
Kven er du saman med?
Leiarar i KF Bømlo er:
Winnie van Velzen og Marit Djønne
Leiarar i KF Stord er:
John Bathgate og Sigmund Valvatne Notland
Korleis vert konfirmantåret i Kristent Felleskap Bømlo?
Dette året har KF Bømlo og KF Stord felles konfirmantundervisning. Konfirmantane samlast annakvar tirsdag og ein rullerer på kvar ein samlast. Samlingane er som oftast i ein heim. Konfirmantane deltar i tillegg på menighetens vanlege gudstenester og samlingar, samt på ungdomsmøter.
Sentralt i undervisninga er læra om Gud, Jesus, Den Heilage Ande og kva det vil sei å leva som ein kristen.
Det blir også lagt stor vekt på den sosiale biten, med leikar, konkurransar, aktivitetar, leirar og mat av ymse slag. Me ser at ungdommane har glede av å knyta nye vennskap på tvers av kommunane.
Kva skjer på konfirmasjonsdagen?
Konformasjonsdagen er 22. mai 2027, og blir markert med ei festgudsteneste i lokalet Salem Moster.
I KF Bømlo er konfirmasjonsgudstenesta eit stort høgdepunkt for heile menigheten. Me legg vekt på at dette er konfirmantane sin store festdag, og det er ein dag dei skal få gleda seg til! Menigheten gjer det me kan for å gjera stas på konfirmantane
denne dagen!
Korleis melder ein seg på til konfirmantåret?
Ta kontakt med Marianne Hollund Espeland på e-post marianne316@gmail.com
eller telefon 952 34 329.