Eit år med påfyll
Konfirmasjon i KF Bømlo
Kva er det og kven er det for?
Alle som ynskjer det kan søkje om å vera konfirmant i KF Bømlo, det er ikkje krav til medlemsskap eller at ein må vera døypt.
Konfirmasjonen i KF Bømlo er eit år med trusopplæring og bevisstgjering for eiga tru. Konfirmasjonen i KF Bømlo er ikkje knytta opp mot å la seg døypa.
Undervisningsmaterial er tilpassa aldersgruppa og tar opp aktuelle tema.
Kven er du saman med?
Leiarar i KF Bømlo i 2020/21 er:
Winnie van Velzen og Karl Totland
Korleis vert konfirmantåret i Kristent Felleskap Bømlo?
Konfirmantane samlast fleire gongar i månaden, og ein rullerer på kvar ein samlast. Samlingane er som oftast i ein heim. Konfirmantane deltar i tillegg på menighetens vanlige møter og samlingar, samt på ungdomsmøter.
Sentralt i undervisninga er læra om Gud, Jesus, Den Heilage Ande og kva det vil sei å leva som ein kristen.
Det blir også lagt stor vekt på den sosiale biten, med leikar, konkurransar, aktivitetar og mat av ymse slag. Me ser at ungdommane har glede av å knytta nye vennskap på tvers av kommunane.
Kva skjer på konfirmasjonsdagen?
På sjølve konfirmasjonsdagen har kvar menighet si eiga gudsteneste/festsamling for dei konfirmantane som høyrer til hos dei.
I KF Bømlo er konfirmasjonsgudstenesta eit stort høgdepunkt for heile menigheten. Me legg vekt på at dette er konfirmantane sin store festdag, og det er ein dag dei skal få gleda seg til! Menigheten gjer det me kan for å gjera stas på konfirmantane denne dagen!
For meir informasjon om å vera konfirmant i KF Bømlo:
Ta kontakt med Karl Totland
T: 415 94 405