Tentro

Kva er Tentro og kven er det for?

Konfirmantane i KF Bømlo får undervisning saman med tentroelevane i Sion (Den frie evangeliske forsamling på Moster) og i Klippen (Pinsemenighet på Svortland).
Undervisningsmaterialet blir henta frå www.tentro.no. Tentro er eit konfirmasjonsalternativ frå frikyrkjene i Noreg.

 

Korleis vert Tentro-året i Kristent Felleskap Bømlo

Tentro-året 2016/17 i KF:
Tentroelevane på Bømlo samlast tre gongar i månaden, og ein rullerer på kva menighetslokale ein samlast i.

Setralt i Tentro-opplegget er undervisning om Gud, Jesus, Den Heilage Ande og kva det vil sei å leva som ein kristen.

Det blir også lagt stor vekt på den sosiale biten, med leikar, konkurransar, aktivitetar og mat av ymse slag.

Me ser at ungdommane har glede av å knytta nye vennskap på tvers av menighetane. Leiarar frå kvar menighet delar på å ha undervisninga på tentro.

Leiarar frå KF Bømlo i tentroåret  2016/ 2017 er:
Christine Haukeland og Torunn Halleraker, i tillegg er Karl Totland med når han kan.

Om hausten blir det arrangert bli-kjent-weekend og om våren er det tradisjon å dra på tentroleir til Solstrand (utanfor Mandal). På Solstrand får konfirmantane møta tentroelevar frå mange andre stader også.

På sjølve konfirmasjonsdagen/tentroavsluttinga har kvar menigheit si eiga gudsteneste/festsamling for dei konfirmantane/tentroelevane som høyrer til hos dei.

I KF Bømlo er konfirmasjonsgudstenesta eit stort høgdepunkt for heile menigheten. Me legg vekt på at dette er konfirmantane sin store festdag, og det er ein dag dei skal få gleda seg til! Menigheta gjer det me kan for å gjera stas på konfirmantane denne dagen!

 

For meir informasjon, ta kontakt med Torunn Halleraker, mob.nr.: 906 72 658.